mandag 23. januar 2012

Tirsdag 24.1

Kåseri

Når du skriv kåseri, må du ha dei følgjande kjenneteikna i tankane:
  • Kåseriet skal vere underhaldande, men ha ein brodd, dvs at det skal vere til ettertanke for ei målgruppe. I utgangspunktet må du altså tenkje grundig over kven det skal treffe; det kan faktisk vere oss alle. Dette inneber at temaet må ha ein viss aktualitet. Enkelte kåseri er dagsaktuelle og mister litt av poenget med tida. 
  • Ironi, humor og satire. Førstnemnde er viktigast. Pass deg for sarkasme, spydigheiter og svart humor. I kåseriet balanserer humoren på ein egg. Ironi inneber eigentleg at du meiner noko anna, evt. det motsette av det du seier; dette må du ha i tankane heile tida.
  • Den ekspressive funksjonen må vere tydeleg og bør dominere. (Dette medfører at den informative, den appellative og den estetiske funksjonen ikkje er så framtredande, sjølv om dei neppe er uvesentlege). 
  • Subjektivitet. Unngå den typen objektivitet og sunn fornuft som artikkelen krev. Du må gjerne gjere deg dummare enn du er ved hjelp av ironien, og du må gjerne uttale deg overdrive subjektivt om emnet du tek opp. Men hugs at det er snakk om innpakking og at dei faktiske meiningane dine om emnet ikkje må kunne feiltolkast. 
  • Kåseriet må ha ein (eventuelt laus) raud tråd, men du må "vandre i emnet", dvs.flette inn uventa moment. Assosiasjonane du presenterer kan godt vere heilsprø så sant du klarer å dra deg inn att. Unngå for all del å mate lesaren med teskei.
  • Originalitet. Den ekspressive, subjektive stilen krev at innhaldet er uventa. Det er berre du som har dei assosiasjonane vi finn i ditt kåseriet
  • Det er andre krav til språket i eit kåseri enn i eit essay eller ein artikkel. Du kan bruke slang, dialektord og ufullstendige setningar. Beveg deg i feltet frå normal- til lavstil. Høgstil med framandord og utbreidd hypotakse høyrer ikkje heime her.
  • Gløym ikkje at sjølv om eit kåseri vanlegvis er kort, må du skrive så mange sider ei langsvarsoppgåve vanlegvis krev.


Ingen kommentarer: